Du er her:

Internasjonalt samarbeid

Som nasjonalt akkrediteringsorgan skal Norsk akkreditering dekke behovet i Noreg for akkreditering.

Korleis sikrar vi internasjonal aksept?

Som nasjonalt akkrediteringsorgan skal Norsk akkreditering dekkje behovet for akkreditering i Noreg. Etaten har derfor som mål å etablere alle akkrediteringsordningar som norske verksemder har behov for. I tillegg skal Norsk akkreditering sikre nasjonal og internasjonal aksept for akkrediteringane ved å signere European Accreditation sine (EAs) multilaterale avtalar om gjensidig aksept.

Dette innebere at Norsk akkreditering evaluerast av EA minst kvart fjerde år. Internasjonal aksept søkjer etaten også gjennom medlemskap i dei internasjonale organisasjonane for akkreditering, International Laboratory Accreditation Cooperation (ILAC) og International Accreditation Forum (IAF). Etaten vert også jamleg evaluert av OECD for GLP-ordninga.

Akkreditering i og utanfor Noreg

Norsk akkreditering aksepterar og behandlar søknadar om akkreditering frå verksemder som er etablert og registrert i Noreg (Brønnøysundregisteret). Dette vil seie at verksemder som er etablert i Noreg og som tilfredsstiller dei relevante krava til akkreditering, vil kunne bli akkrediter av Norsk akkreditering. EA sin politikk for akkreditering utanfor eige land skal i alle tilfelle respekterast.  Søknadar frå verksemder frå land som har eit akkrediteringsorgan må ta kontakt med det nasjonale akkrediteringsorganet i det aktuelle landet.

Søknadar frå verksemder i land utanfor EA sin region, vil av ressursmessige årsaker som hovudregel ikkje bli behandla. Dette kan ein vike av frå dersom det er forhold som tilseier at det er mest formålstenleg med ei norsk akkreditering. Slike forhold kan til dømes vere dersom søkjaren er dotterselskap av ei verksemd som er akkreditert i Noreg eller dersom Noreg er hovudmarknaden. I slike tilfelle vil Norsk akkreditering følge dei reglar som er fastsett i ILAC og IAF.

Multilaterale avtaler signert av Norsk akkreditering

Norsk akkreditering har signert dei europeiske, verdsomspennande avtalane om gjensidig godkjenning av akkreditering. Dette omfattar EA sine avtalar om gjensidig aksept av akkreditering for: 

  • Kalibrerings- og prøvingslaboratoria

  • Sertifiseringsorgan for produkt, personell og styringssystemar

  • Inspeksjonsorgana

  • Verifikasjonsorgana

  • Arrangørar av samanliknande laboratorieprøvingar

Desse avtalane er ei hjelp for norske myndigheiter for å sikre samsvar mellom EU-direktiv og krav i World Trade Organisation Technical Barriers to Trade avtalar. For norske verksemder betyr akkreditering enklare tilgang til eksportmarknaden gjennom at produktkrav kan oppfyllast i Noreg og vere gyldig i store delar av verda.

Norsk akkreditering har signert tilsvarande avtaler med ILAC og IAF

Verden

Kva for europeiske organ samarbeider Norsk akkreditering med?

Alle dei internasjonale organisasjonane har som mål å sikre mest mogleg like konkurransevilkår for akkrediterte verksemder, uavhengig av kva slags akkrediteringsorgan som har akkreditert verksemda. For å oppnå dette samarbeider dei europeiske akkrediteringsorgana for å bli einige om korleis akkrediteringsstandardane sine krav skal tolkast. Dette arbeidet fskjer i komitear og arbeidsgruppar der alle møtast og har ei stemme.

Europeisk samarbeid

European Accreditation (EA) er samarbeidsorganet for alle akkrediteringsorgana i Europa. Norsk akkreditering har forplikta seg til å følgje EA sin multilaterale avtale om akkreditering.

Overordna strategisk målsetjing

For European Accreditation er den overordna strategiske målsetjinga å ivareta verdien og truverdet til akkrediterte samsvarsvurderingstenester i den europeiske marknaden. EA er formelt utnemnt som ansvarleg for den europeiske akkrediteringsinfrastrukturen i forordning (EF) nr 765/2008 av Europaparlamentet og Rådet av 9. juli 2008, artikkel 14, punkt 6. Denne forordninga er tatt inn i norsk lov, Lov om det frie varebyte i EØS.

Korleis er European Accreditation organisert?

European Accreditation er ein medlemsorganisasjon som vert leia av EA si generalforsamling som møtast to gonger per år. Organisasjonen vert drifta av eit sekretariat som er lokalisert i Paris. EA består av komitear som handterar fagleg utvikling av organisasjonen, ein leiarkomite og eit rådgjevande organ som består av interesserte partar.

European Accreditation gjennomfører fagfellevurdering (peer evaluering) av alle akkrediteringsordningane som Norsk akkreditering har signert multilaterale avtalar på. EA si fagfellevurdering vert gjennomført kvart fjerde år, og gjeld og for dei multilaterale avtalane som er oppretta av ILAC og IAF.

EAs organisasjonsstruktur finner du her!

Her kan du lese meir om fagfellevurderinga!

International Laboratory Accreditation Cooperation

International Laboratory Accreditation Cooperation (ILAC) er den internasjonale versjonen av European Accreditation når det gjeld internasjonal samarbeid innan akkreditering av laboratoria, produsentar av referansematerialar, arrangørar av samanliknande laboratorieprøvingar og inspeksjonsorgan. Norsk akkreditering er medlem av ILAC og har og signert dei internasjonale avtalane om gjensidig aksept av akkreditering som ILAC har oppretta. Meir informasjon om dette finn du på nettsida til ILAC!

 

International Accreditation Forum

International Accreditation Forum (IAF) er den internasjonale versjonen av European Accreditation når det gjeld internasjonal samarbeid om akkreditering av sertifiserings- og verifikasjonsorgan. Norsk akkreditering er medlem av IAF og har og signert dei internasjonale avtalane om gjensidig aksept av akkreditering som IAF har oppretta. Meir informasjon om dette finn du på nettsida til IAF!

Frivillig ordning for miljøstyringssystem og rapportering

Eco Management and Audit Scheme (EMAS) er ei frivillig ordning for registrering av organisasjonar som tilfredsstiller krava til miljøstyringssystem og rapportering. Ordninga vart innført i alle EØS land gjennom ei EU forordning i april 1995 og med ei revidering i april 2001. I Noreg er forordninga tatt inn i forureiningslova § 52.c.

God laboratoriepraksis

OECS si ordning for God Laboratoriepraksis (GLP) omfattar alle laboratoria som gjennomfører studiar av og skal rapportere sikkerheitsdata innan følgjande områder:

  • Industrikjemikalier
  • Farmasøytiske preparat
  • Pesticider
  • Kosmetikk 
  • Tilsetningsmidlar

 Dette er eit myndigheitskrav og ei ordning som alle som gjer studiar på desse områda må tilfredsstille. 

Norsk akkreditering deltek i samarbeid om denne ordninga både i OECD og i ei arbeidsgruppe oppretta av EU. OECD gjennomfører fagfellevurderinga av Norsk akkreditering for ordninga. Alle laboratoria i Noreg som skal sende frå seg sikkerheitsdata til ulike nasjonale regulerande myndigheiter skal arbeide i samsvar med prinsippa for GLP.