Du er her:

Fagfellevurdering

Dei europeiske og internasjonale avtalane om gjensidig aksept av akkreditering er basert på at akkrediteringsorgana har tillit til det arbeidet som vert utført i dei nasjonale akkrediteringsorgana, og dermed til verksemder som er akkreditert av desse.

Grunnlag for tillit

Fagfellevurderinga dannar hovudgrunnlaget for denne tilliten. Nasjonale akkrediteringsorgan vert evaluert kvart fjerde år. Desse fagfelleevalueringane foregår ved at akkrediteringsorgana tek imot eit evalueringslag som består av representantar frå dei andre akkrediteringsorgana.

Dei vurderar styringssystemet i det akkrediteringsorganet dei er satt til å evaluere. Dei skal observere eit antall av akkrediteringsorganet sine bedømmingsbesøk og kontrollere saksbehandelinga, arkivering av resultat frå bedømmingar og kompetansen hjå dei bedømmerane som akkrediteringsorganet nyttar i sitt arbeid.  

Rette opp avvik

For at eit akkrediteringsorgan skal få adgang til å signere dei multilaterale avtalane innan EA, ILAC og IAF, må alle avvik som vert oppdaga under evalueringa rettast opp i på ein tilfredsstillande måte. 

Når Norsk akkreditering vert evaluert består evalueringslaget typisk av 10 til 12 ekspertar frå andre europeiske akkrediteringsorgan. Tilsvarande er fleire av Norsk akkreditering sine tilsette godkjente for å gjennomføre fagfelleevaluering på vegne av EA. 

 

Kontaktinformasjon

Treng du å komme i kontakt med oss angående internasjonalt samarbeid?  Send e-post til post@akkreditert.no.