Du er her:

Fagrådet si rolle i Norsk akkreditering

Fagrådet er Norsk akkreditering sitt rådgjevande organ og eit viktig forum der vi får tilbakemelding fra akkrediterte verksemder, myndigheiter og andre interesserte partar.

Oppgåvene til Fagrådet

  • Presentere synspunkt frå eksisterande kundar og andre interessentar om praktisering av ordninga, med sikte på kontinuerleg forbetring.

Samansetjing av Fagrådet

Det er Norsk akkreditering som vel ut leiar og medlemane til Fagrådet. Norsk akkreditering er sekretariatet for Fagrådet, som møtast fire gongar per år.

Fagrådet skal reflektere nasjonale mål for likestilling og balanse. Rådet skal som eit minimum ha representasjon på minst 25 prosent av kvart kjønn. 

Informasjon om leiar og medlemar av Fagrådet får ein ved å henvende seg til akkreditert@akkreditert.no. Interesserte partar kan og nominere medlemmar til Fagrådet ved å sende ein e-post til denne adressa.

Norsk akkreditering sitt klageutvalg

Norsk akkreditering sitt klageutvalg behandlar klager på vedtak om akkreditering. Utvalget gjev råd til Norsk akkreditering sin direktør før endeleg vedtak vert fatta. Klageutvalget består av leiar, nestleiar og ytterlegare eit medlem av Fagrådet. Det vert utarbeidt ei forskrift for klageutvalget sitt arbeid, og den vert lagt ut her så snart den er godkjent.