Du er her:

Seminar om akkreditert personvernsertifisering hos Datatilsynet

Seminar om akkreditert personvernsertifisering hos Datatilsynet

Datatilsynet publiserte nyleg krav til akkreditert personvernsertifisering, og arrangerer i den anledning seminar den 17. oktober. Her vil Norsk akkreditering informere om akkrediteringsordninga og søknadsprosessen.

Datatilsynet og Norsk akkreditering har tidlegare inngått eit samarbeid knytt til akkreditert personvernsertifisering i henhold til personvernforordninga (GDPR).

Samarbeidet betyr at verksemder i framtida kan få offisiell anerkjenning på at dei tek personvern på alvor.

Arrangementet er ope for alle, og det er mogleg å delta digitalt via Datatilsynet si nettside.

Bakgrunn for seminaret

Krav om akkreditering av dei aktuelle sertifiseringsorgana er omtalt i personvernforordningen artikkel 43.

Les meir om kva akkreditering er her. 

For sertifiseringsorgan etablert i Noreg blir akkreditering utstedt av Norsk akkreditering. Sertifiseringsorgana blir akkreditert med utgangspunkt i standarden NS-EN ISO/IEC 17065:2012 - krav til sertifiseringsorganer for produkter, prosesser og tjenester, og Datatilsynet sine tilleggskrav for akkreditering av sertifiseringsorganer. 

Vil du vite meir? Les meir om samarbeidsavtalen mellom Datatilsynet og Norsk akkreditering her.