Du er her:

Endra rutinar for søknadsbehandling

For å sikra lik behandling av søknader, skal alle søknader om utvidingar og ny akkreditering sendast til post@akkreditert.no for registrering. Me har avvikla den tidlegare praksisen med å utvide ein eksisterande søknad.

Bruk det generelle søknadsskjemaet som heiter «Søknad om akkreditering og GLP». 

Søknad om akkreditering og GLP (bokmål). ID: dok00755

Søknad om akkreditering og GLP (nynorsk). ID: dok00810

Skjemaet med namnet "Søknad om akkreditering og GLP" skal alltid fyllast ut kvar gong du søkjer om akkreditering og/eller utvidingar av ei eksisterande akkreditering. I dette skjemaet finn du òg henvisning til andre skjema som du treng og som er naudsynt å sende inn.

 

Etter motteken søknad

Når me har motteke og registrert søknaden din, vil me sende deg ein faktura i samsvar med gebyrforskrifta paragraf 4, kapittel 2. 

Du finn meir informasjon om korleis du søkjer og akkrediteringsprosessen på denne sida.