Norsk akkreditering har blitt vurdert av European Accreditation (EA), og blitt godkjent som signatar. Dette gjer det mogleg for produsentar av referansemateriell å få tilgang til internasjonale marknader i framtida.
Publisert
19.10.2023 08:10
av
Norsk akkreditering
Norsk akkreditering evaluerast jevnleg for å sjå om vi jobbar i samsvar med dei krava som gjeld for oss som nasjonalt akkrediteringsorgan, og har blitt godkjent som signatar til EAs multilaterale avtale for akkreditering av Produsentar av Referansemateriell.
I april fekk vi besøk av to uavhengige representantar frå European Accreditation (EA), som er samarbeidsorganet for alle akkrediteringsorgan i Europa. EA gjennomførte ein uavhengig fagfellevurdering av Norsk akkreditering. Dette betyr at det har blitt gjort ei uavhengig undersøking av om vi jobbar i samsvar med dei krava som er stilte til oss.
–Vi kan no gje tilgang til internasjonale marknader
– Vi er no godkjend som ein som kan signere multilateral avtale for Produsentar av Referansemateriell (NS EN ISO 17034), fortel Laake, direktør i Norsk akkreditering.
Med andre ord kan Produsentar av Referansemateriell bli akkreditert i samsvar med standard EN ISO 17034 i Norge framover.
- Denne avtalen betyr at vi kan gje produsentar av referansemateriell tilgang til internasjonale marknader i framtida, seier Laake. Vedtaket gjeld frå og med 10. oktober 2023, og den neste vurderinga vil være i november 2024.
–Hensikten er å sjekke at vi framleis tilfredsstiller krava og dermed at andre akkrediteringsorgan kan ha tillit til korleis vi jobbar i NA, seier Laake.
Gjennomgår jevnleg uavhengige vurderingar
Det er mange krav og prosessar ein må gjennom for å kunne bli godkjend for ein multilateral avtale om akkreditering. Norsk akkreditering (NA) har forplikta seg til å følgje European Accreditation sin multilaterale avtale om akkreditering, og blir fagfellevurdert minst kvart fjerde år.
Dette betyr at nokon gjer ein uavhengig vurdering av Norsk akkreditering for å bekrefte om vi jobbar i samsvar med krava.
– Det handlar om å sikre at akkrediteringssystemet framleis fungerer som tiltenkt i Norge, fortel Laake.
Den multilaterale avtalen går ut på at underskrivarane anerkjenner likverdien av kvarandre sine akkrediteringssystem. Det handlar også om å etablere truverd til resultata frå samsvarsvurderingar, samt sikre upartiskheit.
Fylgjer ein eigen standard
Norsk akkreditering følgjer ein eigen standard (NS EN ISO/IEC 17011) som gjeld for akkrediteringsorgan. Dette er ein standard som akkrediteringsorgan både i Europa og internasjonalt fylgjer.
Samarbeidet i European Accreditation er viktig for at norske verksemder skal få tilgang til både nasjonale og internasjonale marknader for sine produkt/tenester.
– Vi skal vurderast på nytt for alle ordningane våre, det skjer i november 2024, seier Laake.
Handel er ein viktig del av samfunnsoppdraget
Norsk akkreditering er etablert av Nærings- og fiskeridepartementet med heimel i Lov om det frie varebyttet i EØS (EØS-vareloven). EØS-vareloven er ein norsk lov som legg til rette for fritt varebytte.
– Vi samarbeider på tvers av Europa for å leggje til rette for handel på tvers av landegrenser, fortel Laake.
–Det er ein viktig del av samfunnsoppdraget vårt, avsluttar ho.
Som nasjonalt akkrediteringsorgan skal Norsk akkreditering dekke behovet i Noreg for akkreditering. Vil du vite meir om det internasjonale arbeidet vårt, sjå meir her.