Du er her:

Rekrutteringsprosessen

Kontakt Rådgiver HR/personal

Portrettbilde av ansatt
Elin K. Berntsen
Rådgiver, HR og personal

Telefon: 64 84 86 00

Mobil: 951 51 476

E-post: ekb@akkreditert.no

Ledige stillingar i Norsk akkreditering blir publiserte på etaten si nettside, Jobb Norge og på NAV si side med ledige stillingar.

I tillegg brukar vi generelle stillingsannonsesider som finn.no og meir spesifikke bransjemagasin som Teknisk ukeblad og Kjemi, avhengig av kva slags personell vi søkjer etter.

Våre retningslinjer 

Norsk akkreditering sitt Personalreglement og Personalpolitiske retningslinjer beskriv korleis rekruttering går føre seg og kva retningslinjer som gjelde for våre tilsette.

Dei mest aktuelle kandidatane til ei stilling vert inviterte til intervju. For dei fleste stillingane vert det gjennomført fleire rundar med intervju. Der det er aktuelt kan intervjua omfatte oppgåveløysingar og/ eller presentasjon av aktuelle tema.

Formelle tilsetjingar skjer i tilsetjingsrådet

Kandidatar som blir vurdert for å vere kvalifiserte for den enkelte stilling, blir innstilt i rekkefølgje. Den formelle tilsetjinga skjer i etaten sitt tilsetjingsråd. Deretter får aktuell søkjar tilbod om stillinga.

Søkjarar som ikkje får tilbod om tilsetjing får beskjed om dette så snart tilsetjingsprosessen er ferdig.