Du er her:

Jobb hos Norsk akkreditering

Norsk akkreditering er Noreg sitt nasjonale organ for teknisk akkreditering. Vi kan tilby utfordrande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø med mange dyktige kollegaer.

Kven jobbar i Norsk akkreditering?

Norsk akkreditering har 29 tilsette og vert leia av direktør Inger Cecilie Laake. Her kan du lese meir om organisasjonen.

Gode grunnar til å jobbe i Norsk akkreditering:

Du har ynskje om å jobbe i ei verksemd med eit sterkt samfunnsoppdrag som er viktig for norsk næringsliv. Vi tilbyr:

  • Varierte, utfordrande og meiningsfylte arbeidsoppgåver.
  • Eit sterkt fagleg miljø med stor kontaktflate både i Noreg og internasjonalt.
  • Grundig opplæring og oppfølging.
  • Trygge rammer i ei offentleg verksemd med gode pensjons- og velferdsordningar.

Kven kan søkje jobb hos oss?

Vi er alltid på jakt etter kloke hovud innan alle våre fagområder. Send oss gjerne ein open søknad dersom du tykkjer du kan passe inn hos oss. Kontakt vår HR-ansvarleg dersom du har generelle spørsmål eller send ein e-post til leiar for aktuelt fagområde. Her kan du lese meir om rekrutteringsprosessen!

Våre ledige stillingar

Her finn du ein oversikt over våre ledige stillingar!

Vi er og på jakt etter tekniske bedømmarar innan ulike fagfelt, les meir om det her!