Du er her:

Digital post i Norsk akkreditering

Kvinne arbeider på PC

Regjeringa har bestemt at offentlege verksemder skal nytte digital forsendelse både til verksemder og privatpersonar. Vidare er det bestemt at det er Altinn som skal nyttast for digital post frå forvaltninga til næringsdrivande.

 

Meir informasjon om korleis vedtaksbrev blir sendt

Frå 1. juni 2024 vil vedtaksbrev bli sendt med digital forsendelse frå vårt sak-/arkivsystem til verksemda si digitale meldingsinnboks i Altinn. I ein overgangsperiode fram til 31. desember 2024 vil også verksemda sin kontaktperson motta vedtaksbrevet til sin e-postadresse.

Frå 1. januar 2025 vil alle vedtak berre bli sendt til verksemda si digitale meldingsinnboks.

Verksemder har ikkje høve til å reservere seg mot å motta post frå det offentlege i Altinn.  

 

Mottak av post via Altinn 

Når de mottar post i meldingsinnboksen i Altinn, vil det bli sendt eit varsel til den eller dei varslingsadressene de har registrert i Enhetsregisteret. Ofte vil dette vere personar i leiinga.

Det er viktig at dykkar verksemd har postrutiner som fangar opp forsendelsar mottatt i meldingsinnboksen i Altinn.

Difor bør det tildelast roller og meldast inn varslingsadresser på dei personane som har ansvar for postmottak/postbehandling i dykkar verksemd, slik at forsendelsar mottatt i meldingsinnboksen i Altinn fordelast til rett person/mottakar.

Endringar i varslingsadresser og tildeling av roller kan de gjere ved å gå inn på verksemda si profil i Altinn. 

 

Er mottakar ei offentleg verksemd?

Offentlege verksemder som nyttar Digitaliseringsdirektoratet si eFormidling eller KS FIKS SvarUt/SvarInn kan motta post frå oss direkte til sitt sak-/arkivsystem.

Er mottakar ein privatperson?

Privatpersonar vil motta post frå oss i sin digitale postkasse. Digital postkasse frå e-Boks eller Digipost er ei sikker løysing for å motta og oppbevare post frå det offentlege digitalt.

Dei som vil motta digital post, er personar som står oppførte i det offentlege kontaktregisteret og som ikkje har reservert seg mot digital post. Alle får eit varsel på SMS og/eller e-post når dei får brev i sin digitale postkasse.

Dersom du ikkje har aktivert ein digital postkasse, mottar du breva frå oss i Altinn innboks eller i papirform via vanleg postgang. 

Har du spørsmål?

Ta kontakt med oss på telefon (+47) 64 84 86 00 eller på e-post, så kjem vi tilbake til deg.