Du er her:

Om Norsk akkreditering

Norsk akkreditering er Noregs nasjonale akkrediteringsorgan for teknisk akkreditering. Vi er etablert som eit forvaltningsorgan av Nærings- og fiskeridepartementet med heimel i Lov om det frie varebytte i EØS (EU-forordning 765).

 

Vårt hovudmål er trygge varer og tenester 

Vi bidrar til internasjonal aksept og marknadsadgang for norske varer og tenester. Dette gjer vi gjennom å akkreditere offentlege og private verksemder. Akkreditering er den offisielle godkjenninga for at tenester vert utførte i samsvar med ein internasjonal standard. Les meir om kva akkreditering er her 

Dei verksemdene som ynskjer å bli akkrediterte, kan søkje om dette hos oss. Dette kan eksempelvis vere laboratoria, inspeksjonsorgan, sertifiseringsorgan, verifikasjonsorgan, produsentar av samanliknande laboratorieprøvingar, biobankar og produsentar av referansematerialar.

Vi vurderer verksemdene sin kompetanse, styringssystem, arbeidsmetodar og kvalitet opp mot krav i internasjonale standardar.

Tilgang til våre tenester

Norsk akkreditering skal utføre sitt arbeid på ein ikkje-diskriminerande måte. Dette betyr at alle verksemder som søkjer om akkreditering, og som tilfredsstiller dei krav og vilkår som er satt ved ei akkreditering av si verksemd og som betalar gebyra i forbindelse med dette arbeidet, skal bli akkreditert.

Les meir om vår akkrediteringspolitikk (PDF)

GLP-inspeksjon og akkreditering av miljørevisorar

Norsk akkreditering er tildelt oppgåva med å inspisere verksemder etter OECD sine prinsipp for God laboratoriepraksis (GLP). Vi har ansvar for akkreditering av miljørevisorar på vegne av Miljødepartementet. Dette er eit ledd i den europeiske ordninga for Environmental Management Audit Scheme (EMAS).

 

Lover og reglar

Som statleg etat er Norsk akkreditering underlagt dei lover og reglar som gjeld for slike etatar. Vi får vårt samfunnsoppdrag frå Nærings- og fiskeridepartementet. Dette skjer ved årlege tildelingsbrev. Tildelingsbrevet stiller bevillning frå Stortinget til disposisjon for Norsk akkreditering. Samtidig vert det fastsett utgifts- og inntektsrammer, budsjettfullmakter og rapporteringskrav. 

Nærings- og fiskeridepartementet ved Handelspolitisk avdeling fører tilsyn med Norsk akkreditering gjennom styringsdialogen som er angitt i tildelingsbrevet. Norsk akkreditering vert revidert av Riksrevisjonen, i tråd med gjeldande regelverk.

Alle offentlege organ skal til ei kvar tid ha ein oppdatert arkivplan. Arkivplanen skal gje ei samla oversikt over organet sitt arkiv. Norsk akkreditering si arkivplan er eit levande dokument som blir oppdatert jamleg eller ved hendingar av betydning for arkivarbeidet, til dømes anskaffing av nytt fagsystem. Sjå arkivplan her.

 

Internasjonalt samarbeid

Norsk akkreditering deltek aktivt i det europeiske og internasjonale samarbeidet om akkreditering. Etaten er signatar til alle multilaterale avtalar om gjensidig aksept av akkreditering for ordningar der vi har akkrediterte verksemder i Noreg. Dette gjev internasjonal tillit til rapportar og sertifikat utstedt av norske akkrediterte verksemder. Les meir om det internasjonale samarbeidet her. 

Akkreditering vert brukt både av EU/EFTA og internasjonalt for å gjere det enklare å drive handel over landegrensene. Inna EU og EFTA er det ei aukande erkjenning av at akkreditering er eit nyttig verktøy som støttar oppunder handelsavtalar. Ordninga vert difor teken i bruk innan stadig nye område. 

Finansiering av våre tenestar

Gebyr for Norsk akkreditering sine tenester er fastsett av Nærings- og fiskeridepartementet, og skal dekkje kostnadar i samband med saksbehandling og akkreditering/GLP-godkjenning av søkjarar og akkrediterte/GLP-godkjente verksemder. 

Etaten er mottakar av statleg tilskot for arbeid i dei internasjonale samarbeidsorganisasjonane for akkreditering og GLP. Dette for å bevare dei internasjonale forpliktingane innan ansvarsområdet samt vidareutvikling av akkrediteringsordningar og informasjonsarbeid knyta til slike ordningar. 

Les meir om finansiering av tenestane våre her. 


Strategi og våre verdiar

Norsk akkreditering skal dekkje behovet for akkreditering i Noreg. Dette skal vi gjere ved å gje god vegleiing om kva akkreditering kan brukast til og kva krav som vert stilte. Norsk akkreditering skal utvikle og etablere akkrediterinsordningar som det er behov for og vere effektive i si behandling av søknadar om akkreditering. 

Norsk akkreditering sin strategi for perioden 2019-2023 inneheld prioriterte område i denne perioden. Det er utarbeidt detaljerte handlingsplanar for kvar delstrategi. Strategien seiar og kva vi legg i etaten sine verdiar - kompetente, tydelege og lojale. Les meir om våre verdiar, visjon og målsetjingar i vår strategi.

 

Høringer

Det er ingen aktuelle høringer for tida.