Europeisk samarbeid
European Accreditation (EA) er samarbeidsorganet for alle akkrediteringsorgana i Europa. Norsk akkreditering har forplikta seg til å følgje EA sin multilaterale avtale om akkreditering.
Overordna strategisk målsetjing
For European Accreditation er den overordna strategiske målsetjinga å ivareta verdien og truverdet til akkrediterte samsvarsvurderingstenester i den europeiske marknaden. EA er formelt utnemnt som ansvarleg for den europeiske akkrediteringsinfrastrukturen i forordning (EF) nr 765/2008 av Europaparlamentet og Rådet av 9. juli 2008, artikkel 14, punkt 6. Denne forordninga er tatt inn i norsk lov, Lov om det frie varebyte i EØS.
Korleis er European Accreditation organisert?
European Accreditation er ein medlemsorganisasjon som vert leia av EA si generalforsamling som møtast to gonger per år. Organisasjonen vert drifta av eit sekretariat som er lokalisert i Paris. EA består av komitear som handterar fagleg utvikling av organisasjonen, ein leiarkomite og eit rådgjevande organ som består av interesserte partar.
European Accreditation gjennomfører fagfellevurdering (peer evaluering) av alle akkrediteringsordningane som Norsk akkreditering har signert multilaterale avtalar på. EA si fagfellevurdering vert gjennomført kvart fjerde år, og gjeld og for dei multilaterale avtalane som er oppretta av ILAC og IAF.