Du er her:

Søkjer nye tekniske bedømmerar

Norsk akkreditering evaluerer verksemder innan ei lang rekke kompetanseområde. Derfor har vi bruk for ekspertar som kan bistå i bedømming av desse verksemdene. Dette gjeld alle dei fagområda der vi har akkrediterte verksemder.

Inngår i eit bedømmarlag

Som teknisk bedømmar inngår du i eit bedømmarlag og undersøkjer konkrete oppgåver knytta til akkreditering. Arbeidet vert utført på oppdragsbasis og kan omfatte fleire oppdrag kvart år. Bedømmingane vert utført lokalt hos den verksemda som skal akkrediterast. Reising må derfor påreknast.

  

Krev formell godkjenning

Du må vere formelt godkjent som teknisk bedømmar av Norsk akkreditering eller andre internasjonale akkrediteringsorgan før du kan påta deg oppdrag som teknisk bedømmer. Meiner du at du har den naudsynte kompetansen og ynskjer å jobbe som teknisk bedømmar for oss må du gjerne kontakte oss.

Krav for å bli godkjent som tekniske bedømmar 

For å bli godkjent som teknisk bedømmar av Norsk akkreditering må du tilfredsstille dei kompetansekriteriane som gjeld for slike bedømmarar og som er utarbeidt på grunnlag av internasjonale krav til akkrediteringorgana. I tillegg må du gjennomføre eit bedømmarkurs, eventuelt anna opplæring i bedømming som avtalt med Norsk akkreditering.

Erfaring og kunnskap

Du bør ha fleire år med erfaring innanfor ditt fagfelt. Dette kan vere erfaring du har opparbeidt deg gjennom til dømes arbeid i industriverksemder, spesialisert laboratoriearbeid eller gjennom sertifiserings- eller inspeksjonsaktivitetar på relevante områder.

For å jobbe som teknisk bedømmar i Norsk akkreditering må du ha gode norsk- og/eller engelskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Generell erfaring med styringssystem og/eller kunnskap om ISO 9001 er og verdifullt.